Salmekveld i Elverhøy kyrkje

“Og så song Luther på norsk. Luther, Landstad og Blix”

Salmekveld i Elverhøy kyrkje sundag 2. april kl. 20

Medverkande:

Anders Aschim – professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Hedmark

Erlend Karlsen – kantor I Elverhøy             Kari Nedgård – prest i Elverhøy

Wenche Maria Jentoft – sopran                   Rolf Figenschau – saksofon.

Songarar frå liturgisk korgruppe

Landstad og Blix som gjendiktarar av Luther-salmar. Å skape eit eige norsk salmespråk var eit viktig kyrkjeleg element i den nasjonsbyggjande prosessen på 1800-talet.

Gjennom gjendiktingane gjer Landstad og Blix kyrkjereformatoren Luther til norsk nasjonsbyggjar.       

Gratis inngang.

Salmekveld

Vi kallar dei “salmar”, på engelsk heiter dei “hymns” og på tysk “Kirchenlieder” – altså “kyrkjeviser”. Enkle allsongar på folkespråket til bruk i gudstenesta og heimen er truleg Luthers og reformasjonens nest viktigaste bidrag til fornying av kristen kvardagspraksis, nest etter omsetjing av Bibelen til folkespråka. Men i Noreg fekk vi salmar og salmebøker på dansk språk. Først frå midten av 1800-talet blei det arbeidd intenst med å utvikle eit norsk kyrkjespråk. To av dei viktigaste prosjekta var salmebøkene til M. B. Landstad og Elias Blix. Ved starten av salmebokarbeidet sitt greip begge tilbake til opphavet, til Luthers eigne salmar. Først no begynte altså Luther å syngje på norsk, meir enn 300 år etter sin død. 

 På denne salmekvelden syng vi Luthers salmar slik Landstad og Blix gjendikta dei. Blix-biografen Anders Aschim bind programmet saman og dreg opp den historiske linja frå Luther til norsk kyrkjesong. Når blei reformasjonen eigentleg fullført i Noreg?

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet, Hamar, og professor II ved Høgskulen i Volda. I 2008 gav han ut biografien Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Den boka var òg grunnlaget for doktorgraden i historie ved Universitetet i Tromsø to år seinare. Aschim har elles arbeidd som kyrkjelydsprest i Den norske kyrkja og som bibelomsetjar for Det Norske Bibelselskap. Han er fødd i Tromsø.